Fannremsgården i Orkland
Velkommen til ei reinhekla oppleving
Handverk, tekstil og tradisjonsmat frå Fannremsgården i Orkland.
Bli kjend med gardenOm Reinhekla
Kulturarv i levande bruk
Reinhekla blei skipa av Jon Fredrik Skauge i 2008. Namnet kjem frå tilarbeidinga av lin. Dei finaste linfibrane som blir att når linet er hekla, er reinhekla, og ordet tyder òg ekthet og ærlegdom. Frå slektsgarden Fannremsgården formidlar Reinhekla kunnskap om tekstil, bunad og drakttradisjon bygd på historiske kjelder, og gjenskaper gamle plagg slik dei ein gong var. Jon Fredrik er historikar, bunadmakar og bonde, og dyrkar og foredlar framleis lin på garden. I 2025 fekk han eit årleg arbeidsstipend frå Norsk kulturråd for å fordjupe seg i nettopp dette.

Garden
Fannremsgården
Eit idyllisk gardstun med stabbur, løe og trønderlån, sørvest for Trondheim. Arkeologiske funn syner at det har budd folk her heilt sidan tidleg mellomalder, og slekta Skauge har drive garden i fire generasjonar. I dag er garden i drift med tradisjonsmat laga etter gamle metodar.

Butikken
Innom tunet
Inne i tunet ligg den vesle butikken Reinhekla. Her finn du spennande handverk og tradisjonshandverk, handsydde bunader og moderne plagg som bind saman det gamle og det nye. Stikk innom for ei roleg stund, sjå handverket på nært hald og slå av ein prat.
Opningstidene varierer gjennom året. Sjå Facebook for oppdaterte tider, eller ta kontakt før du kjem.

Formidling
Kurs, foredrag og bunad
Jon Fredrik er ein etterspurd foredragshaldar og fagperson innan tekstil, bunad og klesskikk. Reinhekla tilbyr foredrag, kurs og rettleiing, og tek på seg rekonstruksjon og sying av historiske plagg og bunader. Ta kontakt om du ønskjer eit besøk, eit foredrag eller hjelp med bunaden din.

Mat og tradisjon
Smaken av gamal kunnskap
Smør, rømme, grøt og heimebakt flatbrød laga slik det vart gjort før. Maten på Fannremsgården byggjer på oppskrifter og metodar som har gått i arv på garden, og er ein viktig del av kulturarven vi tek vare på.

Bilete
Glimt frå garden
Frå lin og vev til mat og handverk, her er nokre glimt frå kvardagen på Fannremsgården.









Følg oss
Her skjer det
Den daglege aktiviteten deler vi på Facebook og Instagram. Der legg vi ut nytt frå garden, butikken og verkstaden. Følg oss for opningstider, små historier og nye plagg.

Kontakt
Finn fram til oss
Jon Fredrik Skauge
Orkdalsveien 534
7320 Fannrem
Opningstidene varierer gjennom året. Sjå Facebook for oppdaterte tider, eller ta kontakt før du kjem.