Eit år sidan

Akkurat no er det eit år sidan eg kom heim og fann huset endevendt av tjuvar. Fortsatt er ikkje noko heimattkome til garden. Eg fann att noko i Trondheim som politiet beslagla, og sidan er visst ølkrusa kome til rettes. Men politiet held på det.

Heldigvis er nokon tiltalt og eg er bedt om å vitne i rettsaka i slutten av desember.

Eg kjenner i kveld på følelsen frå i fjor. Korleis det var å finne att huset sitt gjennomsøkt slik. Eg kjenner på sjokket og kor fortvila eg var, kor mykje arbeid det var for å få oversikt. Ja, berre det å rydde oppatt alt.

Fortsatt undrast eg på kor resten av varene har take vegen. Heldigvis er det mykje anna som er viktigare i livet enn desse tapte tinga. I ei verd som no er full av ufred.

Likevel saknar eg smykka mine. Hjarta frå Karin Ferner og gullringen frå mormor som Riibe hadde solgt vidare. Me får tru at det er nokon som tek vare på det og smykker seg med det vidare.