Fannremsgarden

Mi slekt har budd på Fannremmen sidan min tippoldefar tok med seg tølene og kom farande over Skaunaskogen i 1857. Eg veit ikkje om det var såmmår eller vinter då dei flytta. Men det er fortsatt mykje innbo på garden som kom med på flyttelasset. Det var jo ikkje flyttebyrå den gongen, så eg har tenkt meg til at det måtte ha vore lettast å bruke slåe på vinteren.

Farfar sa hans farfar selde farsgarden Skauan avdi stymor hass krevde så stort eit kår. Tippoldefar hadde take over Skauan før han gifta seg først gongen i 1850. Far hass var då død og stymora var oppattgift. Ifølgje tradisjonen krevde dei eit kår på seks kyr. Skauan var rett nok ein bra gard, men min namnefar valde altså å selje, og kjøpte ein halvpart tå Fannremmen i staden. Den garden som vart kalla Stasjonsgarden. Her budde dei i om lag 20 år og oldefar min Frits vart fødd her.

Jon Fredrikssen Skauge, og kona Anne som kom til Fannremmen i 1857, sonen Frits vart fødd her.

Likevel valde dei å selje denne gardparten også, kanskje avdi kona Anne som var frå Husby døydde tidleg. Men dei fortsette å bu på Fannremmen. Frits leide i mange år nokre rom oppå Gjesvålmæla.

Men i 1905 kjøpte dei Fandrem 18/ 1, den gardparten tå Fannremmen som var det eigentlege hovedbølet og som tidligare låg midt i dagens sentrum, mellom Stasjonsgarden og Frugarden. Ein gong på 1880-talet vart garden flytta nedpå bakken og vart i dagleg tale kalla Dikesbakken. Her tok dei med seg buret, stuggulåna, fjøset og vognbua frå det gamle tunet.

Desse husa står der den dag i dag, og då eg pussa opp lofta i låna, tok me prøver tå tømmeret. Då fann me ut at låna vart første gang sett opp etter ein brann på 1730-talet. Så det har altså budd drivarar av Fannremmen i nær 300 år i denne tømmerkassen.

Så hit på tunet kom då altså min oldefar Frits og kona Marta i 1905, og sidan har slekta mi vore her. Det er ikkje så lang historie, mange gardar har vore i same slekta i fleire hundre år, men me gløymer ofte at gardar gjekk i handelen før i tida og. 

Så det er som Petter Dass skreiv i songen, «om slekter svimler» For er det noko eg har vorte innprenta me så er det at garden har me til låns.

Eg budde i Valdres i bortimot seks år, resten av livet mitt har eg hatt bustad her på Fannremmen. Eg gløymer ikkje e-posten eg fekk frå Solveig Metlin og Sidsel oppå Eggan i 2006. Då meinte dei at eg måtte koma heim att til Orkdalen, for dei meinte eg trongs her. Året etter, rett føre jul, gjorde eg nett som dei sa. Då budde eg her og dreiv Reinhekla mens far min levde og rådde.

No har eg hatt denne garden til låns i ti år, og tenkj på alt det som har skjedd på dei åra. Om far min hadde fått det slik han ville, hadde det vore bustader på jorda oppå gjerdet. Han døydde, så det vart det ikkje, i staden vart det Michelin-mjølk tå graset på den 2000 år gamle dyrkajorda. I mange år samarbeidde eg tett med Heidi Bjerkan og restauranten Credo i Trondheim. Kyrne mine vart portrettert og hang på veggen der i restauranten, slik at gjestane viste kven som hadde produsert smøret dei åt. Kyrne vart selde i 2021, men i 2023 veks det fantastisk fin ryps rundt husa. Drivaren Ola Eikli har verkeleg fargelagt garden med gult og dermed heile sentrum i Fannremmen.

Sjølv om eg ikkje driv aktivt med husdyr lengre, vil eg fortsatt ta hand om garden og kalle det heimen min. Eg veit ikkje om eg greier å skjøte alt så vel som ein burde, men ein gjer no så godt ein kan. No vert det skore material nedpå Aunmogjerdet. Så vert det som far min alltid gjorde, lagt unna plankar til tørk for framtidig bruk. Kan hende får eg skifta nokre vindskier og kanskje får eg realisert nokre draumar.

Uansett dette er heimgarden min og her vil eg vera. Eg trivs her, og eg kjenner på det gode ansvaret det ligg å forvalte kulturarven som ein gard er.

I mange år var mat hovedfukset på garden, her rømmebunke med fermentert blåbær og flatbrød fotografert for Dagens Næringsliv sitt magasin D2 av David Brendan Torch.