Credolinet

I 2018 fekk eg spørsmål frå Credo restaurant og Heidi Bjerkan om eg kunne skaffe spisebrikkar i lin til restauranten. Tidligere hadde eg gjennom Reinhekla levert serviettar og andre lintekstilar til restauranten. Dette var lin frå svenske produsentar som eg formidla.

Eg fekk tak på prøver på ulike brikkar, utan at Heidi vart nøgd.

Det var då eg sa:

ja, me får laga dei sjølve. Heidi var jo vant til at eg kunne produsere mykje, eg leverte jo smør og rømme. Så ho tente på ideen.

23. mai i 2019 sådde me åkeren, og det året vaks linet godt på Fannremsgarden. Det vart ei fin lita avling. Heile vegen var Heidi og teamet hennar med på prosessen i linarbeidet.

Etter jul i 2020, vart Credos julebord halde på Fannremsgarden. Då hadde me dugnad på bråking, klamring og hekling. Det vart mykje fiber som eg spann utover vinteren. Med Ann-Mari hjølp fekk me rent veven, og kokkane var med og bolta på. Eg tredde veven i gåsøye, og fleire kokkar fekk prøve seg i vevinga. Ferdigstillinga tok si tid, eg hadde sviktande helse ei periode. Godt handverk må ta tid. Det var 32 meter vev som skulle vevast og til det gikk det med 37 sneller med garn. Eg bruka tri timer gjennomsnittleg på kvar snelle.

Men i fjor vinter vart alle dei 75 spisebrikkane falda. Så no har dei vore klare til levering. Det var berre rullinga som stod att. Mi gode venninne og mentor Berit hjalp meg. No ligg dei der og blenker. Credo er på flyttefot, men desse dyrebare tekstilane vert med på lasset, og Credolinet kjem til å vare. Dette er haldbare fiber for framtida, og kan like gjerne brukast i Oslo.