Tida går

– for ein tikkande bonde

Då er det gått eit år til og eg er passert 46. Tusen takk for all som kom i hau meg her på FB. Om ikkje all har fått svar så er eg takksam for kvar og ein av dokk, det er overveldande!

For eit år sidan var eg nydiagnistisert med medfødt hjartefeil. Merkeleg nok hadde det ikkje vorte oppdaga, og dei to månadene fram til operasjonen 1. juni vart eg merkbart dårlegare dag for dag.

Tross eit tøft år, slår hjartet, og klaffen opnar og lukkar som han skal. Og eg tikkar som ei klokke, metallet i klaffen er jo mekanisk. Så no kan alle høyre at eg lever. Eg skjemtar med at eg ikkje lengre kan vera med å leike gjømsel.

At opptrening har tatt lengre tid enn venta, og at det fortsatt er mange dagar med sterke smerter, må eg for tida berre leva med. Hauet er iallfall med enda.

Eg er takksam for kjæresten min Kai og all andre som har støtta meg. Takk gode Gud for oppstoda i dag på påskedagen, og takk for at eg fekk vekse opp med barnetrua og håpet. Det hjølper meg i ei så urolig verd som me lever i no.

Så må eg avslutte med årets påskeunder her på Fannremsgarden. Gølvklokka som tippoldefar min med same namn som meg fekk til brøllopps i 1850, har stått i meir enn ti år no. Ja, det har vore nokre urmakarar som har sett på og vøla ho, men ho har gått berre ein dag også bom stopp. Det er akkurat som ho ikkje ville i veg att. Forrige laurdag så var eg inni botn på klokkekassen og rota etter ein sekk med såjord. Utan å ha lagt merke til det må eg ha kome borti terpentikken. For den gamle klokka byrja å gå att. No har ho gått taktfast om enn litt for fort, ja, ho har det nok akkurat som meg når eg kjenner meg betre ein dag, så vil eg legge i veg litt for furt.

Ho ikkje berre tikkar og går, ho slår også kvar time med si vante litt sprø, simple klang. Eg fekk stilt ho på slaget, så no er det også riktig!

Kva som hende laurdagen for ei vukku sidan veit eg ikkje, kan hende var det@nidarosbispen Herborg Finnsets nærvær her på garden den dagen. Eller så var tida rett og slett komen. Klokka ville gå att, som eit tegn på at det lei mot påske og det kom håp til verda.