Vev-skillet

Tenkj, eg fekk invitasjon frå Slottet. HKH Kronprinsessen inviterar til vev-symposium, Samlende tråder.

Kva hadde farmor sagt om ho fikk våttå det? Farmor som satt i veven, og som lot meg sitte saman med ho i veven, då eg var berre fireåring.

Då lærte eg at ein laut ha eit godt skille.

Farmor som vov frå ho var jentungen, men som fulgte kallet sitt og vart sjukepleiar. Men då ho forlåvvå seg i 1942, reiste ho heimatt åt heimgarden for å sette seg i veven att. Då vov ho alt av gardiner og sengklede til den nye heime Fannremsgården

På 1980-talet då eg sat saman med ho, var det matto ho vov, ho nytta sjølvsagt ut alt som alle dei andre gardkjerringane. Dei gamle bortlagte kleda vart til fine render ved å føre skyttelen gjennom skillet.

Sidan då eg byrja veva på 1990-talet, hjalp ho meg. Ho spola alle spølane, slik bestemor hennar spola for ho. Slik sparte ho arbeid for meg så eg kunne sitte pal i veven med ymse kvalitet på skillet. Takk farmor, for tålmod med ein nysgjerrig ung gut og at du viste meg gleda med veven.

Så på fredag tek eg permisjon frå Kyrkjemøtet ein dag. Då eg skal få delta i ein samtale med andre gründerar om ull og spinning under symposiet. Takk til Berit Kirkaune som viste oss karding og spinning då me gjekk 3. klasse på Grøtte skule. Slik fekk ho tent ull-gløden i meg.

Det vert stor stas å få møte heile det mangfaldige tekstil-Norge.

Ein stor takk til Kronprinsesse Mette Marit som ikkje berre samlar trådane, men også vevfolket i dette landet. Dette vert eit verkeleg godt skille i den norske veven.

https://www.kongehuset.no/artikkel.html?tid=225805&sek=112472