Leve veven – på Slottet

Eg merkte allereie då eg gjekk inn døra til Dronningens KunstStall, den kjensla som enno sit i kroppen. Der stod dei allemannalle for å ta i mot oss skarve vevarar. Om ikkje det var heile staben på Slottet, så var dei mange. Alle helste dei og viste deg fram, det var som å verta ført inn i ein trygg tekstil famn.

Då eg kom attende på Kyrkjemøtet laurdag, vart eg møtt med Biskop Ragnhild Jepsens spørsmål: Korleis var det på vevstogo i går?

Ja, det var nett slik det kjendes. Ridehuset var omgjort til vevstuggu akkurat denne dagen. HKH Kronprinsessen innbaud til symposium og det var 260 vevkjerringer og nokre få menn som var samla denne dagen, for å hylle veven.

Ja, for denne dagen var ikkje Ridehuset etter Dronning Maud fylt med sagmugg, nei, det var som den store hallen var innhylla i dei mjukaste og finaste tekstilar. Eg kjende meg som eg vart løfta inn i det finaste vevde tekket fylt med dun.

Eg og mange med meg har jo våre tekstile kjepphestar, ja slike me liker å ta fram å ri på i både tide og utide. Ja og det hadde jo passa bra der i Ridehuset, men nei Kronprinsessen hadde fått oss til å stille dei unna denne dagen.

Ja for alle var me der for veven. Den mangfaldige veven som flettar fibrar av ulike trådar inn i kvarandre og dannar dei vakraste uttrykksfulle tekstilar i ulike bindingar.

Kvifor vart denne dagen på Slottet så særmerkt? Det har eg grunna på innimellom dei lange sesjonane her på Kyrkjemøtet.

For særmerkt var det, ja ein verkeleg merkedag for det tekstile Norge. Ja. ein dag som nok aldri går ut av minnet mitt.

Kva var det Kongehuset og Kronprinsessen gjorde denne dagen? Jo, dei gjorde det Kongehuset er så gode på. Vertskap – eit vertskap som ser alle og som verdset alle. For der sat me, store kunstnarar, vevlærarar, forskarar og dugande handverkarar, vevstudentar og oss kvardagsvevarar. Oss som elskar å la skyttelen gå.

Det var mange fine foredrag der den dagen, og samtalar. Eg var heldig å vera med på ein av dei.

Ja, alle innslaga var så godt sett i samen at programmet kunne ikkje hatt noko vakrare uttrykk. Innslaga var som fargerike render i eit åkle, og Kari Slaatsveen batt denne veven saman med å føre oss fram med sin trygge og varme måte å tale på.

Men det er ein samtale som sit langt fram i minnet:

HM Dronningens briljante dialog med smettvevaren Anne Britt Lotsberg, fødd i Fjærland. Ho som har tatt på seg å kopiere vevnadane på Gamlehaugen i Bergen. Det var flat struktur den stunda i veven. Dronninga og vevkjerringa var på same nivå. Og dei leika seg på scena, med å flette orda om dette nitidige handverket saman. Ja, for dette er nitidig arbeid, veving som verkeleg tek tid. Dronninga var nok spent på om Lotsberg kunne klare å kopiere alt på Gamlehaugen, så Dronninga spurte kor gamal ho var, vevaren.

Lottsberg repliserte:

«Det er ikkje eit spørsmål om kor gamal eg er, men kor gamal eg kan bli»?

For slik er det, godt handverk tar tid, og det tar den tida det tar.

Ein stor hjarteleg takk til Kronprinsesse Mette Marit for at eg fekk delta og bidra på denne merkedagen, ja, for det var eit vev-skille. Eit riktig godt skille.

Takk gode Gud for at Kronprinsessen fann veven, og la ho få mange mange år i han. Eg skal gå inn i siste dagen på Kyrkjemøtet i takksemd.

Leve Veven!