Nystolen

I februar fekk eg meg ny stol. Ja, ny var han vel ikkje. Det er kan hende eit par hundre år sidan han var ny. Men han fekk ny stopp og nytt trekk. Ja, nytt var vel ikkje trekket, heller, men det var nytt for denne stolen. Eg hadde for tyve år sidan kjøpt nokre meter av den vakraste rosa ulldamask frå eit lite veveri eg fekk besøke i Lancashire. Men nytt var ikkje trekket då eg kjøpte det, heller, det var vove fleire år tidlegare som stoltrekk til eit slott nokon stad der i England. No står denne veven tom, då vevaren gjekk bort i 2020.

Denne nystolen vart ei velsigning for meg dette året, men eg byrja å bli redd for trekket. Eg var verkeleg redd for å ta nyen tå det.

Så i går vart det ny stol. Nei, ikkje ny stol, men stolen fekk seg eit nytt varetrekk. Og då vart han jo som ein ny stol, også kan eg spare på nytrekket under til høgtids.

Takk til Borghild Nyhus som tok oppgåva og sydde kjolen til nystolen. I dag skal eg sitte her å brodere i takksemd og sende ein varm tanke til Ole Paus som har reist føre. Takk for all songen med di spesielle innleving.